Leitar du etter informasjon om 

SIDER (eller CIDER)?

Vil du vita meir om sider?

  • kva sider er, kva typar og stilar som finst, og korleis smakar dei?

Eller korleis ein lagar sider?

  • kva eplesortar er best? kva med andre frukter, bær, urter m.m.? 
  • om gjærtypar og gjæringa, og det ferdige produktet?

Svara på desse spørsmåla finn du i 

Siderboka-

frå frukthagen til ferdig produkt på flaske


av Eivind Vangdal; utgjeven av HANEN 


Du kan tinga boka på siderlandet.no, gå inn under fana "OM SIDER", 

eller kontakt meg (eivind.vangdal@kvamnet.no)

Boka finst i papirutgåve og som e-bok.


I boka står det om

  • Historia bak sider, definisjonar og sidertypar og stilar.
  • Kva eplesortar kan brukast, og korleis kan du tilsetja annan smak.
  • Korleis styra gjæringa; om ho er spontan eller med ein kjend gjærkultur.
  • Kva utstyr trengst til små og større produksjonar
  • Om lover og reglar for produksjon, skjenking og sal. 


Eller som andre skriv det:

Vangdal går grundig til verks. Her er mange kapitler, korte og konsise avsnitt, ikke noe snikksnakk. Han starter med bakgrunn og historikk i kapitlet Sidersoga, spør hva sider er (og svarer), skriver om stiler og typer, produksjonen av drikken, om ulike stoffer som finnes i sideren, hvilke eplesorter som passer, om produksjon og prosess, hva som påvirker resultat. Han er innom smakstilsettinger, issider og «anna nærliggjande drikka»- og gir informasjon om lover og regler og praktisk økonomi. For dem som vil dykke videre i siderverdenen, har Vangdal en raus kildeliste


Oppsummert: Et hendig og konsist siderleksikon som samler det meste av det vi vet av fakta og erfaringer så langt i sidereventyret – som langt fra er ferdigfortalt. Den er ikke overlesset med bilder og illustrasjoner, og vil fungere godt som et oppslagsverk. 

Forfatteren velger å oppsummere med Sidervisa, den med «Han Paodl ha eit eldgamalt surepletre so lute seg ut yve hytta» og «te vaoren eingong», du vet. Det er et smil av en avslutning på en særdeles informativ og saklig siderbok. Også vi som står på sidelinjen av dette eventyret, får innsikt og kan hente nyttig kunnskap i boken.

                                                                                                                                       (frå bokomtale i Hardanger Folkeblad)



Eivind Vangdal SIDERRÅD tilbyr

  • føredrag eller kurs med smaking av sider for dei som har laga sider eller vil prøva siderlaging som hobby
  • kurs og rådgjeving for dei som vil laga og selja sider (i samarbeid med Kompetansenettverket for lokalmat)


SIDERKURS FOR AMATØRAR:

3-timars kurs med smaking under Siderfestivalen i Øystese  oktober 2025


GRUNNKURS I SIDER:

Ta kontakt med Kompetansenettverket i din region. (Ver rask med påmelding)


KOMANDE SIDERFESTIVAL MED SIDERKONKURRANSE:

Øystese oktober 2025 (sjå siderfestival.no)

DU KAN FÅ DIN SIDER VURDERT AV EIT DYKTIG DOMARPANEL, OG FÅ TILBAKEMELDING OG TIPS OM SIDEREN DIN. SJÅ OM INNSENDING AV PRØVER PÅ siderfestival.no

 

Komande hendingar