Kompetanse

Bakgrunn

Oppvaksen i ein frukthage i Kvam, men med interesse for alt i naturen

Høgare utdanning

Cand. real. i biokjemi ved Universitetet i Bergen 1978

Dr. Scient. ved (no) NMBU, Ås i 1982 med ei avhandling om "Sukker og sukkeralkoholar i norske plommer"

Yrkesrøynsle

Forskingsassistent/forskar ved (no) NIBIO Ullensvang i tida 1978-1982 og

1998-2018. Dei seinare åra har eg vore matkontakt for frukt- og bærbaserte drikkevarer for Kompetansenettverket for Lokalmat. 

Rådgjevar (ringleiar) i Hardanger-Midthordland forsøksring 1983-1997

Pensjonist/konsulent frå 2019

Fagområde

Forskinga har vore knytta til ei rekkje brukarstyrte prosjekt. God kontakt og kunnskap om utfordringane hjå produsentane og i omsetningskjeda har gjort arbeidet tydeleg brukarretta. Men det har vore eit (altfor) vidt spenn i FoU-oppgåvene. 


Hovudtema har vore:

Fruktkvalitet og postharvest forrsking 

Utprøving av metodar og uytstyr for optimal haustetid i høve til fruktkvalitet og lagringsevne. Plommer har alltid vore ei favorittfrukt og fleire store prosjekt er gjennomført for å styrkja plommedyrkinga og sikra jamn høg kvalitet på dei marknadsførde plommene. Lagringsprosjekta har vore både med plommer og eple. Internasjonalt forskingssamarbeid har hatt fokus på ikkjeøydeleggjande målemetodar for mogningsgrad og kvalitet i frukt; med m.a. forskingsopphald i Italia og Slovenia. 


Økologisk fruktdyrking 

Har arbeidd med sortsval, dyrkingssystem, plantehelse og næringsforsyning; m.a. om frigjeving av næring i jorda etter mekanisk ugrasreinhald (fresing). I eit prosjekt med m.a. Italia, Estland, Danmark og Tyskland vart det arbeidd med jusmengder og kvalitet med ulikt presseutstyr og dyrkingsmetode. Ulike turkemetodar for plommer vart prøvd i høve til og korleis det påverka mengda av vitamin og andre antioksidantar.

  

Sider

Mot slutten av førre århundre vart det (litt) meir liberale lover om alkoholproduksjon og omsetning, og det vart interesse for småskalaproduksjon av lokal tradisjonsrik mat og drikke. Satsinga på sider passa godt inn i denne trenden. For Forsøksgarden på Lofthus (no NIBIO Ullensvang) byrja det med råd om kva eplesortar som passa best til sider. Dette vart fylgt av ei rekkje FoU-prosjekt om sider i Hardanger som Hardanger Siderprodusentlag med leiar Asbjørn Børsheim ynskte. Det var viktig for den nye næringa at all marknadsførd sider heldt jamn god kvalitet. Dette gav NIBIO høve til å byggja opp kompetanse i samarbeid med den franske sider- og Calvadosprodusenten og konsulenten Herve Duclos (bilete nedst på sidene) og skaffa seg nasjonale og internasjonale nettverk om sider. Vinforskingssenteret til Universitetet i Nova Gorica i Slovenia har hjelpt oss forsking på metodar og gjærtypar i siderproduksjonen i Hardanger. Nye pågåande prosjekt byggjer vidare på dette samarbeidet. Eivind Vangdal SIDERRÅD er partnar i prosjektet om Smaken av Hardanger. 

MEIR OM KVA ME KAN OM NORSK SIDER PÅ NESTE SIDE 




    Etter deltaking på ei rekkje fagkongressar rundt om i verda har eg bygt opp eit godt internasjonalt nettverk. Bilete frå kongress i Spania der eg snakka om sprekking i plommer.


    Deltek i vurdering av søknader om støtte til FoU-prosjekt til NFR og IN

    Andre forskingstema - fiskeslam og makkajus

    Etter innspel frå fiskeoppdrettsnæringa og andre som arbeider med utnytting av avfallsprodukt frå denne næringa, vart det gjennomført prosjekt for å kartleggja mogleg gjødslingsverknad eller plantehelse verknader av ulike preparat og slam frå oppdrett. Det vart utprøvd på frukt, bær og gras. Dette slammet er ein stor ressurs som kan og må utnyttast. Biogass er eit anna alternativ. I eit tilsvarande prosjekt vart effektar av væske frå meitemarkkompost (makkajus) på plantevekst og helse undersøkt.

    NIBIO og sidernæringa:

    og då passar det å nemna at eg har hatt tillitsverv i Norges Naturvernforbund, både lokalt og på fylkesnivå

    1996

    2003

    2014

    Planteforsk skipa til det fyrste siderkurset på Lofthus

    Hardanger Siderprodusentlag vart skipa og det vart nært samarbeid mellom Bioforsk og næringa om fleire utviklingsprosjekt; m.a. reglane for Geografisk Beskytta Betegnelse for "Sider frå Hardanger 

    Regionalt Forskingsfond Vest støttar det fyrste forskingsprosjektet om sider "Nye siderprodukt frå Hardanger".

    Oss i tal

    Så langt ni kurs med

        over 160

    deltakarar på tredagars kurs i Ulvik

    langt over

     100

    sideramatørar på kurs og smakingar

    vitja og gjeve råd til 

       33

    sideri i drift eller i oppstartsfasen 

    Tilsett

    Eivind Vangdal

    Rådgjevar, føredragshaldar og kursleiar