Kurs, rådgjeving
KURS FOR PROFFE AMATØRAR:
På Siderfestivalen i Øystese held eg kurs for dei som ynskjer å vita meir om korleis ein lagar sider, og vil prøva å laga sider sjølve. Dette er eit tre-timara kurs med smaking av 3-4 typar. Tema er råvarer, utstyr, gjær og styring av gjæringa og ferdige produkt.
KURS under Siderfestivalen i Øystese oktober 2025
Kontakt/Påmelding på eivind.vangdal@kvamnet.no eller tlf 90628035
Kurs for dei som vil starta
Siderproduksjon som næring
Kompetansenettverket for Lokalmat har så langt
skipa til ei rekkje kurs for dei som har planar å starta med siderproduksjon eller er i oppstarten.
Kursa omtalar råvarer, utstyr, gjæringsprosessen
og korleis ein kan styra denne for å få fram den
siderstilen eller typen ein ynskjer å produsera.
Smaksprøver og innlegg om korleis ulike sidrar høver som fylgje til mat. Me smakar på kring 20 ulike siderar i løpet av kurset.
TA KONTAKT MED KOMPETANSENETTVERKET FOR LOKALMAT i ditt område
Rådgjeving og bedriftsutvikling
Det er mange spørsmål som må vurderast ved etablering av sideri. Har du kunnskap om satsinga, eller har du nokon som kan hjelpa deg? Korleis passar det inn i andre aktivitetar du har? Støttar familie og vener prosjektet ditt? Du treng kunnskap om råvarer, lokale og utstyr, produkttypar og marknader.
Viktige kjelder til fagleg og økonommisk støtte kan vera:
BERRE TA KONTAKT, SÅ KAN EG HJELPA DEG MED RÅD OM KORLEIS DU KAN KOMA I GANG
Vurdering av sider
Det er viktig å få tilbakemeldingar frå kundar eller domarpanel om sideren din. Det finst fleire slike konkurransar. Siderfestivalen i Øystese har og sidervurdering på programmet. Me saknar eit meir presist "siderspråk" og ofte er det store skilnader mellom konkurransane. Plasseringa er ikkje så viktig, men ei tilbakemelding frå ein jury med god siderkunnskap og røynsle er nyttig.
Copyright © Med enerett